Personnamn

individuelt navn for personar i same famile
(Omdirigert frå Fornamn)

Personnamn er namn som viser til ein enkeltperson. Omgrepet kan visa til berre det personlege namnet, som me på norsk gjerne kallar førenamn, eller til det fullstendige namnet som kjenneteiknar ein person, og som ofte inneheld fleire namn i tillegg, som tilnamn, slektsnamn, klansnamn, patronymikon og metronymikon.

Arabisk kalligrafi for Mahmud II av Osmanarriket som inneheld det personlege namnet Mahmud, tittelen Han ('khan'), patronymet bin Abdulhamid, og muzaffer daima, 'alltid sigrande' som eit slags tilnamn.

Personnamn kan fortelja noko om kven ein er, til dømes om ein er mann eller kvinne, og kven ein høyrer til. Det kan òg brukast til å symbolisera ein person, som i ein signatur. Å nekta nokon eit slikt namn kan oppfattast som at ein nektar dei personverd eller individualitet, og er mellom anna ofte blitt gjort i konsentrasjons- og fangeleirar.

Eit personnamn blir som regel gjeve til ungar kort tid etter fødselen, gjerne ved ein namngjevingsseremoni som dåp. Det kan endrast ved viktige høve, som ved overgangen frå barn til vaksen, når ein gifter seg eller får barn.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.