Opna hovudmenyen

Arabisk kalligrafi er den kunstferdige utforminga av arabiske bokstavar etter ulike tradisjonar. Det er ein viktig del av islamsk kunst, både direkte i kalligrafiske utgåver av Koranen og indirekte som dekorasjon grunna bildeforbodet i islam. Kalligrafien utvikla seg tidleg i to ulike stilar, den kantete kufiskrifta og den kursive naskhskrifta.

SchriftartenEndra

Namn Skildring ! Døme
Kufi (Kūfī) Kufiskrift blir i dag berre brukt til utsmykking. Den eldste kufi-innskrifta finn ein på Klippedomen i Jerusalem.
Dei ses skriftstilane (al-ʾAqlām as-sitta)

Dei ses skriftstilane dannar ein kanon av seks kursive skriftformer definert på 900-talet av visiren Ibn Muqla i Bagdad. Han omfattar desse stilane:

Naskī (nasḫ) Naskh-skrift (tyrkisk nesih) blir framleis brukt til trykt arabisk skrift.
Muhaqqaq (Muḥaqqaq) Muḥaqqaq er ei bok- og monumentalskrift i storformat. Ho var omtykt av dei egyptiske mamelukkane og ilkhanane fram til 1500-talet.
Rejhan (Raiḥān) Kleinere, dünnere und feinere Variante der Muhaqqaq
Thuluth (Ṯuluṯ) Thuluth (tyrkisk sülüs), ein kanselli- og monumentalskrift, var særleg populær i Det osmanske riket.
Tauqi (Tauqīʿ) Skrift i storformat som særleg blei brukt som kanselliskrift av abbasidane. Liknar thuluth.
Reqa (Riqāʿ) Mindre variant av tauqi
Taliq (Taʿlīq) Kanselliskrifta taliq blei utvikla frå tauqi og finst i ein persisk (sjå bilde) og ein osmansk versjon.
Nastaliq (Nastaʿlīq) Bokskrifta nastaliq blei utvikla på 1300-talet og blei på 1400-talet den vanlegaste skrifttypen i Persia.
Sjekaste (Šekaste) Særleg brukt i Persia som kursiv bokskrift
Maghribi (Maġribī) Maghribi-Duktus, ei bokskrift, blei brukt på 900-talet i Nordvest-Afrika og al-Andalus.
Diwani (Dīwānī) Diwani-skrift er den osmanike kanselliskrifta.
Diwani dsjali (Dīwānī ǧalī) Seinare, dekorativ versjon av osmansk taliq
Ruqʿa Ruq'a er ei handskrift som oppstod på 1700-talet, hovudsakleg brukt i Mashriq (det nære Austen).
Kvadratkufi Ei form for kufiskrift. Illustrasjonen viser sure 112 al-Iḫlāṣ frå Koranen. Han byrjar nede til venstre med basmillah og fortset i ein spiral inn mot midten.

Kjende kalligrafarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Litteratur
  • Annemarie Schimmel: Islamic Calligraphy, Leiden 1970
  • Ernst Kühnel: Islamische Schriftkunst, Berlin 1942
  • Martin Lings: The Qur'ānic Art of Calligraphy an Illumination, London 1976
  • Yasin Hamid Safadi: Islamic Calligraphy, London 1978
  • Ghazi al-Delaimi: Arabische Kalligraphie für Einsteiger. Alphabete, Anleitungen, Anwendungen. Knaur: München 2006, ISBN 3-426-64224-7, ISBN 978-3-426-64224-5
  • Deniz Erduman (Hrsg.): Geschriebene Welten. Arabische Kalligraphie und Literatur im Wandel der Zeit. (anlässlich der gleichnamigen Ausstellung im Museum für Angewandte Kunst, Frankfurt am Main, 7. Oktober 2004 bis 30. Januar 2005; =A written cosmos). DuMont: Köln 2004. ISBN 3-8321-7508-3, ISBN 3-8321-7507-5
  • Jürgen Wasim Frembgen (Hrsg.): Die Aura des Alif. Schriftkunst im Islam, zur Ausstellung Staatliches Museum für Völkerkunde München, 2010/2011, Prestel, München ISBN 978-3-7913-5065-3, (Inhaltsangabe (PDF)), bietet moderne Kalligraphien zeitgenössischer Künstler
  • Wolfgang Kosack: Islamische Schriftkunst des Kufischen. Geometrisches Kufi in 593 Schriftbeispielen. Deutsch – Kufi – Arabisch. Christoph Brunner, Basel 2014, ISBN 978-3-906206-10-3.
Nettstader
  Commons har multimedia som gjeld: Arabisk kalligrafi