Forskyvingsstraum

Forskyvingsstraum er ein tenkt elektrisk straum som oppstår når det elektriske feltet varierer med tida. Forskyvingsstraumen opptrer i vakuum og dielektrika.

Forskyvingsstraumen dukkar opp i Maxwell-likningane, har eininga til elektrisk straumtettleik og eit tilknytt magnetfelt, på same måte som faktiske straumar har. Det er derimot ikkje ein elektrisk straum som flyttar ladningar, men eit tidsvarierande elektrisk felt.

Kjelder endre