Foshan
Foshan (kinesisk: 佛山; pinyin: Fóshān) er eit byprefektur i den midtre delen av provinsen Guangdong i Folkerepublikken Kina. Prefekturet har eit areal 3 868 km² og 7 194 311 innbyggjarar (2010). Byprefekturet Foshan består av fem distrikt (区 qū).
Samferdsle
endreKinas riksveg 325 går gjennom prefekturet. Vegen fører vestover frå Guangzhou i Guangdong til Nanning i den autonome region Guangxi.
Historie
endreFoshan er ein gammal by, og vart tidleg kjent for sin porselensindustri. Med den veldige økonomiske veksten i dei sentrale delane av Guangdong er byen i 2010 vorte til den tredje største i provinsen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Foshan» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Foshan» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2012.