Guangxi, offisielt Den autonome regionen Guangxi Zhuang,[a] er ein autonom region i Folkerepublikken Kina. Før 1949 var han ein provins.

Guǎngxī
广西
autonom region
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 235 001 km²
Folketal 50 126 804 (2020)[1]
Kart
Guangxi
23°36′N 108°18′E / 23.6°N 108.3°E / 23.6; 108.3
Plasseringa av Guangxi i Kina.
Plasseringa av Guangxi i Kina.
Plasseringa av Guangxi i Kina.
Wikimedia Commons: Guangxi

Regionen grensar mot Yunnan i vest, Guizhou i nord, Hunan i nordaust og Guangdong i aust og søraust. Han har også ei riksgrense mot Vietnam i sørvest (Hà Giang, Cao Bằng, Lạng Sơn og Quảng Ninh-provinsen) og kyst mot Tonkinbukta i Sørkinahavet i sør.

Namnet Guangxi (forenkla kinesisk 广西, tradisjonell kinesisk 廣 西, pinyin Guǎngxī, også transkribert Kuang-hsi eller Kwangsi) er avleidd frå Guǎng (forenkla kinesisk 广, tradisjonell kinesisk ) som tyder 'veldig område', og er blitt brukt om regionen sidan skipinga av Guang-prefekturet i år 226.[2] Guangxi og naboprovinsen Guangdong har dei bokstavelege tydingane 'veldig område vest' og 'veldig område aust'.

Geografi

endre

Regionen har kystlinje langs Tonkinbukta. Dei viktigaste hamnebyane er mellom anna Fangchenggang, Qinzhou og Beihai.

Historie

endre

I det meste av historia si hadde Guangxi inga kystlinje. I 1952 vart ein liten del av den vestlegaste kystlinja til Guangdong gjeven til Guangxi, som slik fekk tilgjenge til havet. Dette vart gjort om i 1955, men så justert tilbake på nytt i 1965.

Folkesetnad

endre

Guangxi er heim til menneske frå 12 av dei nasjonalgruppene som er anerkjende av Folkerepublikken Kina som eigne folkegrupper. Regionen er eit særleg viktig område for zhuangfolket. Forutan dei har regionen folkegruppene han, yao, miao, dong, mulam, maonan, hui, gin, yifolk, sui og gelao. Det er og vesentleg mindre grupper frå 25 andre folkegrupper.

Administrative einingar

endre
 
Karstfjell ved elva Li.

Guangxi er inndelt i 14 byprefekturer:

Merknader

endre
  1. forenkla kinesisk 广西壮族自治区, tradisjonell kinesisk 廣西壯族自治區, pinyin Guǎngxī Zhuàngzú Zìzhìqū

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.stats.gov.cn/english/PressRelease/202105/t20210510_1817188.html.
  2. Rongxing Gao (2013). Regional China: A Business and Economic Handbook. Palgrave Macmillan. s. 77. ISBN 9781137287670. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Guangxi