Fosnøyna er ei øy i Austrheim kommune i Vestland. Ho har eit areal på 26,3 km² og utgjer nesten halvparten av arealet i kommunen. Øya ligg aust for Fedjefjorden og vest for Lindåshalvøya. I nord ligg innløpet til Fensfjorden. Øya har brusamband både til Lindås i aust og til Radøy i sør.

Fosnøyna
Austrheim kyrkje
Austrheim kyrkje
Geografi
Stad Nordhordland
Koordinatar 60°46′27″N 04°54′42″E / 60.77417°N 4.91167°E / 60.77417; 4.91167

Areal 26,3 km²

Høgaste punkt Bredvikvarden (56 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland
Største busetnad Årås (625 innb.)

Demografi
Folketal 1567 (2001)
Folketettleik 59,6 /km²

Den største tettstaden på øya er Årås.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2001[3]
422 934 1567

Kjelder

endre
  1. Folketeljing 1801 for Lindås prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Lindås herred, frå Digitalarkivet
  3. Arvid Skogseth, Austrheim i fortid og notid, bd. 1-3 (Austrheim kommune, 2004-2006)
  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.