60°47′4.7076″N 4°45′47.736″E / 60.784641000°N 4.76326000°E / 60.784641000; 4.76326000

Solnedgang over Fedje med Fedjefjorden til høgre på bilete. I front av bilete ligg Rognsvågen.

Fedjefjorden er ein vid fjord mellom Fedje i vest og Fosnøyna i Austrheim i aust. Fjorden har ei lengd på om lag 12 km frå nordvest til søraust og held fram i søraust som Hjeltefjorden. I nord går Fensfjorden austover, medan Sognesjøen, den ytste delen av Sognefjorden, berre ligg 10 km lenger nord. Breidda på fjorden varierer mellom 3,5 km og 5 km.

I tillegg til sjølve Fedje ligg det mange mindre øyar og holmar på nordsida av Fedje, mellom anna Innarsøyane og Holmengrå fyr som ligg lengst nord. Holmengrå har eit lite fyr og ein liten fyrbolig og er godt synleg frå store delar av Fedjefjorden med si karakteristiske form.

Det går ferjesamband over fjorden frå Fedje til Sævrøy på austsida, ei strekning som er vêrhard. Både M/F «Fedjefjord», som vart sett i drift i 2001 og den gamle M/F «Fedje» var spesialbygde for å takle vêrtilhøva over fjorden, men Fedjefjord er både høgare og større enn den gamle og har derfor oftare problem med kraftig vind. M/F Fedje skal visstnok berre ha lagt til kai fire gonger på grunn av vêret i løpet av dei 33 åra ho gjekk.

Heilt søraust i fjorden går Hoplandsosen innover til Lurefjorden og Seimsfjorden

Galleri endre