Fossegrimen er eit vette i norsk folketru, nærskyld til Nykken. Fossegrimen er mest kjend for spelet sitt, og det var gjete at han lærde bort spel til dei som ville lyde på han, om dei ofra eit kjøtstykke til han. Segnene om dette er kjend i mange dalføre. Ordet Grim tyder det same som maskenorrønt, og minner om at Fossegrimen var ein hamskiftar.

I Hallingdal vart det fortald at han "kunna laga se i mange liknils, ettersom han ve i løte te. Vart han ørt, so kom han upp or vatne i slik stygg skapna, at folk vorto raint forfælde". Ein skulle altså ikkje leggje seg ut med grimen.

Va de ain som vilde lære å låte tå hono, so måtte han ha me se ain fena`kjøtlem, som han kasta burtande fossen. Um ait bil kom då den vesle mannen skjøtand som ai pil uppå ain stain me felunn i høndenn. Håre hass va langt å tjukt å so gult, at de va som gylt. Nasin og munnen voro høvele å væl laga, å augudn lyste å voro blank som tvergastaina. Hendadn voro små å kvit, å fingadn gingo, so ain inki kunna oygje dai, då han prilla.

Om Grimen ikkje fekk eit høveleg kjøtstykke (for det meste eit fenalår), ville han ikkje lære guten anna enn å stille fela. Fleire stader følgjer eit stev med dette:

Eg sko lære deg leikjen stille, men inkje på den slå
fe du gav meg det bånåbeinet som inkje kjøt va på.

Myllarguten hadde ord på seg for å ha lært av Grimen. Sjølv visste han nok at dette var ei segn, men i unge år pla han fortelja Håvard Gibøen korleis han kasta eit bein i fossen.

I Telemark finst det ein kjend slått som er kalla Fossegrimen. Johan Halvorsen laga i si tid eit orkesterstykke med same namnet. Denne skapnaden vart ovende populær under den norske nasjonalromantikken.