Fotballklubben Mjølner

Fotballklubben Mjølner er ein fotballklubb heimehøyrande i Narvik, stifta 2. mars 1932. Laget spelar i raude og kvite drakter, med Narvik stadion som heimebane.

Mjølner var eitt av dei tre dominerande fotballaga i Nord-Noreg, saman med Bodø/Glimt og Harstad, i tida før 1972. Før den tid deltok ikkje dei nordnorske laga i det norske seriesystemet. Til dess hadde Mjølner vunne ni nordnorske cupmeisterskap.

Med utvidinga til 12 lag i 1. divisjon i 1972, erobra Mjølner plass i toppserien ved å vinne 2. divisjon Nord-Noreg i 1971. Laget vart sist i 1. divisjon 1972 og rykte ned, men fram til 1991 deltok heldt klubben seg stort sett i 2. divisjon, med unnatak for to sesongar i 3. divisjon og ein sesong 1. divisjon. I 1988 gjekk Mjølner heilt til topps i B-avdelinga av 2. divisjon, men møtet med toppserien vart rimeleg brutalt, så laget enda på 12. og sisteplass i 1989-sesongen.

Då Narvik FK vart danna i 1997 trekte Mjølner laget sitt ut or seriesystemet. Sidan 2005 spelar Mjølner på ny seriespel, i 2015 på nivå tre i norsk fotball.

Merittar endre

  • Nordnorsk meister: 1935, 1946, 1947, 1948, 1951, 1960, 1961, 1965 og 1966