Opna hovudmenyen

Fotballklubben Narvik/Nor var frå 1914 til 1997 ein fotballklubb heimehøyrande i Narvik i Nordland. Narvik/Nor vann den nordnorske cupmeisterskapen i 1929, 1937, 1950 og 1959. Laget spelte i blå trøyer med kvite ermar, samt kvite bukser og blå strømper.

Narvik/Nor kom høgst i det norske seriesystemet i sesongane 1970, 1974 og 1975, då laget deltok i 2. divisjon Nord-Noreg.

Fotballklubben Narvik/Nor vart nedlagt i november 1997, i samband med at klubben vart slått saman med den tidlegare byrivalen Mjølner.

KjelderEndra