Fox News
Fox News (offisielt Fox News Channel og forkorta FNC) er ein amerikansk fjernsynsstasjon etablert i 1996. Han er eigd av Fox News Group, som er eit dotterselskap av medieselskapet Fox Corporation.
![]() | |
Lansert | 7. oktober 1996 |
---|---|
Eigd av | Fox Broadcasting Company |
Land | USA |
Språk | engelsk |
Hovudkontor | New York by |
Nettstad | https://www.foxnews.com/, https://t.me/foxnewsmedia, https://t.me/foxnewsmedia |
Fox News er ein kabel- og satellittnyhendekanal som vart grunnlagd for å ta opp konkurransen med CNN. Fjernsynsstasjonen byrja å satse på nyhendesendingar i 2003 og har i åra etterpå hatt stor vekst i sjåartal. Han sender hovudsakleg frå studioa sine i New York City.
Stasjonen har ein konservativ profil. Fox News er stundom oppfatta som eit talerøyr for republikansk politikk.[1]
KjelderEndra
- ↑ «Fox News Channel». Store norske leksikon. 16. januar 2019. Henta 21. februar 2020.