Fox News

(Omdirigert frå Fox News Channel)

Fox News (offisielt Fox News Channel og forkorta FNC) er ein amerikansk fjernsynsstasjon etablert i 1996. Han er eigd av Fox News Group, som er eit dotterselskap av medieselskapet Fox Corporation.

Fox News
150px
Lansert7. oktober 1996
Eigd avFox Broadcasting Company
LandUSA
Språkengelsk
HovudkontorNew York by
Nettstadhttps://www.foxnews.com/

Fox News er ein kabel- og satellittnyhendekanal som vart grunnlagd for å ta opp konkurransen med CNN. Fjernsynsstasjonen byrja å satse på nyhendesendingar i 2003 og har i åra etterpå hatt stor vekst i sjåartal. Han sender hovudsakleg frå studioa sine i New York City.

Stasjonen har ein konservativ profil. Fox News er stundom oppfatta som eit talerøyr for republikansk politikk.[1]

KjelderEndra

  1. «Fox News Channel». Store norske leksikon. 16. januar 2019. Henta 21. februar 2020.