Fra Filippo Lippi
Fra Filippo Lippi (1406–8. oktober 1469) eller Lippo Lippi var ein italiensk renessansemålar som høyrde til Quattrocento-rørsla.
Fra Filippo Lippi | |
![]() | |
Fødd | ca. 1406 Firenze |
Død |
8. oktober 1469 (63 år) |
Yrke | kunstmålar, fresco painter |
Fra Filippo Lippi på Commons |

LivEndra
Lippi var fødd i Firenze. Han gjekk inn i karmelittfellesskapen fra Carmine i 1420, men forlét klosteret i 1432. Han førte eit omflakkande liv, ifølgje kunsthistorikaren Giorgio Vasari med mange eventyrlege opplevingar som ikkje er underbygde av anna dokumentasjon.
I 1456 blei han kapellan ved Santa Margherita-klosteret i Prato. Her hadde han eit tilhøve til nonna Lucrezia Buti, som han bortførte og fekk sonen Filippino med. Også sonen blei målar. Lippi døydde i Spoleto.
VerkEndra
Dei tidlege verka til Filippo Lippi er prega av innverknad frå Fra Angelico. Til desse høyrer stemningsbetonte bilde av Madonna som tilber jesusbarnet ute i naturen. Kunstverka til Lippi følgde tradisjonen etter Masaccio, men tilførte det «nordlege» element som realisme og fargehandsaming. Han plasserte dei kristne helgenane utan glorie i eit samtidig miljø. Bilda hans har nøyaktige perspektiv og er svært detaljrike. Bibelske motiv blei etterkvart brukt til å framstilla verdsleg prakt.
I åra 1465 til 1467 studerte Sandro Botticelli under fra Filippo Lippi.
I sine siste leveår smykka Lippi koret i domkyrkja i Spoleto med fresker over Marias liv (1467–69), eit kunstnarleg høgdepunkt.
BiletdømeEndra
Fødselen og namngjevinga til Johannes døyparen. Freske i Prato-katedralen.
KjelderEndra
- «Fra_Filippo_Lippi» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Fra Filippo Lippi» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2011.