Francis Moze
Francis Moze (fødd 2. februar 1946) er ein fransk bassist, mest kjend som medlem av Magma, Gong og Pierre Moerlen's Gong.
Francis Moze | |||
Fødd | 2. februar 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Frankrike | ||
Sjanger | progressiv rock | ||
Instrument | bassgitar, gitar | ||
Verka som | musikar |
Moze spelte i ei tidleg besetning av Magma. Då han slutta i gruppa introduserte Giorgio Gomelsky han for Gong. Han spelte på albumet Flying Teapot (1973). Han kom inn att i bandet då det hadde blitt Pierre Moerlen's Gong for albumet Gazeuse! (1976) (i USA kalla Expresso).
Etterr Pierre Moerlen slutta, vart Moze verande att i London, og vart med trioen til Peter Lemer, i lag med Laurie Allan på trommer. Seint i 1980-åra danna John Greaves (klaverinstrument), Pip Pyle (trommer) og Moze eit kortvarig band.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Francis Moze» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: