Francisco Fernández Ochoa
Francisco Fernández Ochoa (25. februar 1950–6. november 2006) var ein spansk alpin skirennar fødd i Madrid som vart olympisk meister i slalåm i 1972. Blanca Fernández Ochoa var systera hans.
Francisco Fernández Ochoa | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 25. februar 1950 Madrid |
Død |
6. november 2006 (56 år) |
Yrke | alpinist |
Språk | spansk |
Høgd | 171 centimeter |
Francisco Fernández Ochoa på Commons |
Aktiv
endreFernández Ochoa deltok i fire olympiske vinterleikar, 1968-80. Fram til Vinter-OL 1972 hadde han som best nokre sjuandeplassar i verdscupen i alpine greiner, alle i spesialgreina slalåm. I OL-slalåmen i Sapporo stod han for ein av dei store OL-sensasjonane då han vann ein soleklar siger framom Gustav Thöni frå Italia.
To år etter, under VM i alpine greiner 1974 i St. Moritz, tok Fernández Ochoa bronsemedaljen i slalåmrennet. Knapt fire veker seinare vann han sin einaste siger i eit verdscuprenn, i ei slalåmtevling i polske Zakopane viste han Gustav Thöni til andreplassen, nett som i slalåmrennet under OL 1972.
Han døydde 56 år gammal i heimbyen Cercedilla i regionen Madrid etter ei tid med lymfekreft.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Francisco Fernández Ochoa» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2015.