Franco Menichelli

Franco Menichelli (fødd 3. august 1941) er ein italiensk tidlegare turnar frå Roma. Han vart i 1964 olympisk meister i frittståande og 1965 europameister i mangekamp.

Franco Menichelli


Statsborgarskap Italia
Fødd 3. august 1941 (83 år)
Roma
Idrett turn
Tok del i Sommar-OL 1968, gymnastics at the 1960 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – men's floor, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – men's parallel bars, gymnastics at the 1964 Summer Olympics – men's rings
Utmerkingar Gullkraven for sportslig fortjenste

Menichelli vann to bronsemedaljar då Sommar-OL 1960 vart arrangert i heimbyen hans. Den eine kom i frittståande, den andre i lagkampen med Italia. To år seinare kom han atter på bronseplass i frittståande då Turn-VM 1962 vart avvikla i Praha. Frå dei olympiske leikane 1964 i Tokyo reiste Menichelli heim med gull frå frittståande, sølv i ringar og bronse i skranke. Året etter vart han i Antwerpen europameister i mangekamp. Sidan vann han to bronsemedaljar i Turn-VM 1966, og han vart tredjemann i europameisterskapen 1967. Han skulle delta i Sommar-OL 1968, men skada seg og la opp.

Kjelder

endre