Frank Emmelmann (fødd 15. september 1961) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Schneidlingen som representerte Aust-Tyskland. Han vart i 1982 europameister på 100 meter.

Frank Emmelmann


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 15. september 1961 (62 år)
Schneidlingen
Idrett friidrett

Under EM i friidrett 1982 sigra Emmelmann på 100 meteren. To dagar seinare kneip han bronsemedaljen på 200 meter med ein margin på 0,01 sekund til fjerdemann. Ytterlegare to dagar etter vann han sølv i 4 x 100 m stafett for Aust-Tyskland og lagkameratane Detlef Kübeck, Olaf Prenzler og Thomas Munkelt, dømt framom Vest-Tyskland på same tid.

I august 1985 forbetra Emmelmann i Moskva den austtyske rekorden på 200 meter til 20,23 sekund, ei tid som var tysk rekord i 20 år. Juni 1986 sette han austtysk rekord på 100 meter i Berlin. Tida 10,06 sekund var landsrekord til 20?? Ved europameisterskapen 1986 i Stuttgart sikra han ein ny sølvmedalje på den korte stafetten, då i lag med Thomas Schröder, Steffen Bringmann og Olaf Prenzler.

Kjelder endre