Thomas Munkelt (fødd 3. august 1952) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Zedlitz som representerte Aust-Tyskland. Han vart europameister 1978, olympisk meister 1980 og europameister 1982 på 110 meter hekk.

Thomas Munkelt


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 3. august 1952 (71 år)
Borna
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1976 Summer Olympics – men's 110 metres hurdles, athletics at the 1980 Summer Olympics – men's 110 metres hurdles, athletics at the 1980 Summer Olympics – men's 4 × 100 metres relay

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Aktiv endre

Munkelt markerte seg for alvor då han i 1973 sette personleg rekord på korthekken med tida 13,5. Året etter var han nær ved å ta medalje i Roma-EM, kom i mål eitt hundredels sekund bak den polske bronsevinnaren. I 1975 vart han austtysk meister for fyrste gang, og vann 110 m hekk i europacupen for landslag. Under OL 1976 i Montréal kom han på femteplassen.

I EM 1978 i Praha vann Munkelt sin fyrste internasjonale tittel. Han vann korthekken på tida 13,54 sekundar, hårfint føre polske Jan Pusty på sølvplassen og den finske bronsevinnaren Arto Bryggare, høvesvis eitt og to hundredels sekund bakom Munkelt.

Munkelts største triumf kom under Sommar-OL 1980 i Moskva. I finalen slo han kubanaren Alejandro Casañas med eitt hundredels sekund. Han sprang også på Aust-Tyskland sitt lag i 4 x 100 meter stafett, eit lag som kom på femteplass.

I Aten i 1982 forsvarte Munkelt EM-tittelen på 110 meter hekk, og i same meisterskapen tok han seg av den tredje etappen for det austtyske laget som kneip sølvmedaljen på den korte stafetten på tida 38,71 sekundar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1974 i Roma: Nr 4 på 110 m hekk – 13,72, bakom Leszek Wodzyński (13,71)
  • OL 1976 i Montreal: Nr 5 på 110 m hekk – 13,44
  • EM 1978 i Praha: Gullmedalje på 110 m hekk – 13,54, framom Jan Pusty (13,55)
  • OL 1980 i Moskva: Gullmedalje på 110 m hekk – 13,39, framom Alejandro Casañas (13,40)
  • EM 1982 i Aten: Gullmedalje på 110 m hekk – 13,41, framom Andrej Prokofjev (13,44). Sølv i 4 x 100 m stafett.
  • VM 1983 i Helsinki: Nr 5 på 110 m hekk – 13,66

Kjelder endre