Frank Marocco

Frank L. Marocco (2. januar 19313. mars 2012) var ein USA-amerikansk pianist og trekkspelspelar, arrangør og komponist. Han vert rekna som ein av dei mest innspelte trekkspelspelarar nokon gong i verda.[1][2]

Frank Marocco
FrankMarocco.jpg
Frank Marocco, mai 2008
Fødd2. januar 1931
FødestadJoliet i Illinois
Død3. mars 2012 (81 år)
DødsstadSan Fernando Valley i California
OpphavWaukegan i Illinois i USA
Aktiv1948 - 2012
SjangerJazz - klassisk
InstrumentTrekkspel, piano, klarinett
Verka somMusikar, arrangør, komponist

Marocco starta karrieren sin som 17-åring då han vann Chicago Musicland-festivalen i 1948 og fekk spele med Chicago Pops Orchestra. Han skipa ein trio kort etter som turnerte i Midtvesten. Han flytta til Los Angeles tidleg i 1950-åra med kona.[3]

I 1960-åra spelte Frank Marocco inn eit soloalbum. I 1966 arbeidde han med Brian Wilson og The Beach Boys, og spelte på det kjende albumet deira Pet Sounds.[3]

I tillegg til karrieren som musikar har Marocco skrive og arrangert musikk for solo, duett og orkester innan mange stilartar, som jazz, standardar, latinamerikansk, religiøst og klassisk.[1] Marocco har spelt med somme av dei beste jazzmusikararane i Amerika og Europa, som Ray Brown, Jeff Hamilton, Zoot Sims, Joe Pass, Joey Baron, Herb Ellis, Ray Pizzi, Ivor Malherbe, Carlo Atti, Sam Most, Gian-Carlo Bianchetti, Jacob Fisher, Pekka Sarmanto, Martin Classen, Andy Martin, Tuomo Dahlblom, Ric Todd, Harold Jones, Gerry Gibbs, Mikko Hassinen, Conti Candoli, Philippe Cornaz, John Patitucci, Mats Vinding, Mogens Baekgaard Andersen, Marcel Papaux, Aage Tanggaard, Ron Feuer, Richard Galliano, Peter Erskine, Klaus Paier, Renzo Ruggieri, Massimo Tagliata, Pete Christlieb, Larry Koonse, Simone Zanchini, Andy Simpkins, Bob Shepard, Frank Rosolino, Jim Hall, Abraham Laboriel, Grant Geissman, Luis Conte og Stix Hooper.

InnspelingarEndra

Jazz og EvergreensEndra

  • «Two for the Road», Artist Signed Records 2011, i lag med Daniele di Bonaventura
  • «CHANGES», Artist Signed Records 2010
  • «Jazz on the Road», Karthause-Schmülling 2009
  • «Cammino dritto», con Marea 2008
  • «Be-bop buffet», 2006, i lag med Simone Zanchini
  • «Just Friends», 2006
  • «Back in Time», 2006
  • Frank Marocco «Beyond the Sea» 2004-1-CD (Acoustic trekkspel, including French and Italian music)
  • Frank Marocco Group «Appassionato» 2003-1-CD
  • Frank Marocco Group «Made in Tyskland» CD
  • Frank Marocco Quartet «Freedom Flight» SAB-010-CD
  • «Brazilian Waltz» -Discovery-DS949-CD
  • «Ballad for Anne» -Discovery-DS950-CD
  • «A Nite in Marocco» AMNFM-03-CD
  • «Frank Marocco Quintet Live» CD
  • «Turn out the Stars» AMNFM 04 CD
  • «Evergreens» Frank Marocco-AMNFM 02-CD, 1992
  • «Like Frank Marocco», Verve

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Peggy Milne (2007). «Biography: Frank Marocco». Arkivert frå originalen 2008-05-08. Henta 15. oktober 2020. 
  2. «Frank Marocco: Credits». 2007. Henta 15. oktober 2020. 
  3. 3,0 3,1 Jason Birchmeier. «Artist:Frank Marocco». Allmusic. www.answers.com. Henta 15. oktober 2020. 

BakgrunnsstoffEndra