Frank Wörndl

Frank Wörndl (fødd 28. juni 1959) er ein tysk tidlegare alpin skirennar frå Sonthofen i Bayern som tevla for Vest-Tyskland. Han vart verdsmeister i slalåm i 1987 og tok sølv i same greina under vinter-OL året etter.

Frank Wörndl

Frank Wörndl.jpg

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 28. juni 1959
Sonthofen
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1988, alpine skiing at the 1988 Winter Olympics – men's slalom

AktivEndra

Gjennom dei fleste av 1980-åra høyrde slalåmspesialisten Wörndl til mellom dei såkalla fyrstepulje-køyrarane, dei 15 beste i ei av dei alpine greine. Likevel makta han aldri å kome mellom dei tre beste i noko verdscuprenn, korkje i slalåm eller storslalåm. Ein fjerdeplass i eit slalåmrenn i Åre i Sverige var han høgste plassering.

Derimot lukkast Wörndl overmåte godt i både VM i alpine greiner 1987 i sveitsiske Crans-Montana og under Vinter-OL 1988 i Calgary. I Crans-Montana vann han gullmedaljen i slalåm framfor austerrikaren Günther Mader og sin eigen landsmann, Armin Bittner. Året etter var han i Calgary-OL nær ved å vinne den olympiske gullmedaljen i slalåm, han mangla einast seks hundredels sekund på å utlikne tida til gullvinnaren, italienaren Alberto Tomba.

Wörndl la opp etter 1989-sesongen.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar