Frankfurt an der Oder
- Må ikkje forvekslast med Frankfurt am Main.
Frankfurt an der Oder er ein by i Tyskland og i delstaten Brandenburg ved elva Oder på grensa mellom Tyskland og Polen, like ovanfor byen Słubice, som var ein del av Frankfurt fram til 1945. Mot slutten av 1980-åra hadde byen meir enn 87 000 innbyggjarar, men folketalet hadde falle til 70 000 i 2002 og var 60 000 i 2011.[1]
Frankfurt an der Oder | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Brandenburg | ||
Landkreis | Kreisfri by | ||
Høgd | 19–135 m | ||
Areal | 147,85 km² | ||
Folketal | 58 818 (31. desember 2023) | ||
Postnummer | 15201–15236 | ||
Retningsnummer | 0335 | ||
Bilnummer | FF | ||
![]() Frankfurt an der Oder 52°20′31″N 14°33′06″E / 52.342083333333°N 14.551666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Frankfurt (Oder) |
Det offisielle namnet Frankfurt (Oder) og det eldre og no uformelle Frankfurt an der Oder vert brukt for å skilje han frå den større byen Frankfurt am Main.
Historie
endreByen fekk byrettar i 1253 ved den frie vadestaden (frank furt tyder 'fri vadestad på' tysk) kjend som Brandendamm, sjølv om busetnaden sannsynlegvis er mykje eldre. Dei første innbyggjarane haldt til på vestsida av Oder, etter kvart strekte byen seg over til austsida (i dag Słubice). Seint i mellomalderen dominerte Frankfurt handelen på elva mellom Wrocław (Breslau) og Szczecin (Stettin). I 1430 vart Frankfurt medlem av Hansaen, men berre for ei kort stund.
På 1800-talet var Frankfurt ein viktig handelsby. Han låg sentralt plassert i Preussen mellom Berlin og Poznań, ved den tung trafikkerte elva Oder, og byen hadde den nest største årlege handelsmessa i Det tyske riket. Berre messa i Leipzig var større.
Intense kampar oppstod i byen i 1945 då den tyske krigsmakta prøvde å stoppe Den raude armeen si framrykking mot Berlin. Etter verdskrigen vart det avgjort at grensa mellom Tyskland og Polen skulle gå langs Oder, dette delte byen i to. Austsida vart då den polske byen Słubice.
Kjelder
endre- ↑ Bevölkerungsprognose (Ergänzungsbericht) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28. juni 2007, henta 19. juni 2007
- Denne artikkelen bygger på «Frankfurt an der Oder» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2007.