Opna hovudmenyen

Franklin Island er ei øy som ligg i Rosshavet kring 130 km aust for Cape Hickey i Victoria Land. Ho vart oppdaga on 27. januar 1841 av James Clark Ross, og kalla opp etter sir John Franklin, den kjende Arktisfararen, som vart guvernør i Van Diemen's Land (Tasmania).[1]

Franklin Island
øy
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Antarktis
 - koordinatar 76°5′S 168°19′E
Lengd 13 km
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Franklin Island is located in Antarktis
Franklin Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Franklin Island (Antarctica)

Ho ligg 80 km nord for Beaufort Island og kan sjå ut til å vere del av same øygruppe, men vert likevel vanlegvis ikkje rekna som ein del av Ross Archipelago.

Øya er kolonisert av ei stor gruppe adeliepingvinar.

Bernacchi Head (76°8′S 168°20′E) er ei stupbratt klippe heilt sør på øya. Ho vart kalla «Cape Bernacchi» av Southern Cross-ekspedisjonen, 1898-1900, etter Louis C. Bernacchi, eit ekspedisjonsmedlem. Namnet vart endra til «Head» av Advisory Committee on Antarctic Names for å ikkje forveksle klippa med Cape Bernacchi på kysten av Victoria Land.

Franklin Shoalss (76°0′S 169°0′E) er nokre grunner nær Franklin Island.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Franklin Island» (innhald frå Geographic Names Information System).