Franklin D. Roosevelt
(Omdirigert frå Franklin Roosevelt)
Franklin Delano Roosevelt (30. januar 1882–12. april 1945) var ein politikar og president i USA. I kortform vert han ofte omtala berre som «FDR». Han er mest kjend for New Deal-programmet og for å ha leia USA gjennom andre verdskrigen. Roosevelt er den einaste presidenten i USA som har vunne fire presidentval.
Franklin Delano Roosevelt | |||
| |||
President for Sambandsstatane (USA) | |||
Periode | 4. mars 1933–12. april 1945 | ||
---|---|---|---|
Parti | Det demokratiske partiet i USA | ||
Fødd | 30. januar 1882 | ||
Fødestad | Hyde Park | ||
Død | 12. april 1945 (63 år) | ||
Dødsstad | Warm Springs, Little White House | ||
Mor | Sara Roosevelt | ||
Far | James Roosevelt | ||
Ektefelle | Eleanor Roosevelt | ||
Barn | Elliott Roosevelt, Franklin Delano Roosevelt, John Aspinwall Roosevelt, Anna Roosevelt Halsted, James Roosevelt, Franklin Delano Roosevelt | ||
Føregangar | Herbert Hoover | ||
Etterfølgjar | Harry S. Truman |
Han fekk diagnosen polio då han var 39 år. Etter dette kunne han ikkje gå på eiga hand, og måtte mykje bruka rullestol. Roosevelt døydde like før krigen var over. Visepresident Harry S. Truman vart ny president.
Bakgrunnsstoff
endre
Originaltekst av Franklin D. Roosevelt ved Wikisource. |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Franklin D. Roosevelt