Poliomyelitt

(Omdirigert frå Polio)

Poliomyelitt, ofte kalla polio, er ein sjukdom forårsaka av polioviruset. Sjukdommen gjev ofte influensaaktige symptom, men kan i nokre høve gje muskelsvekkingar som fører til lammingar, og kan av og til vera dødeleg. Det finst ingen kur for polio, men på 1950-talet blei det utvikla vaksine. Årlege epidemiar av polio som tok til på slutten av 1800-talet førte til tusentals lammingar, og etterkvart store tiltak mot viruset. I dag er polio utrydda i fleire land, medan WHO, UNICEF og Rotary driv program som har som mål å utrydda sjukdommen.

To barn får fysioterapi etter å ha blitt råka av polio. Frå USA i 1963.

Årsak og sjukdomsutvikling endre

 
Jente med deformert fot etter eit polioåtak.

Poliovirus er eit RNA-virus av typen Enterovirus som hovudsakleg held til i fordøyingssystemet. Det er svært smittsamt, og kan smitta heile befolkningar i område der det er endemisk. Vanlegvis smitter det gjennom at ein får i seg mat eller vatn som er infisert med avføring, og det har derfor større moglegheit til å spreia seg i område med dårleg kloakk og sanitasjon. Ein får gjerne større symptom jo eldre ein er når ein får sjukdommen. Andre faktorar som kan auka risikoen for infeksjon eller graden av sjukdom er nedsett immunforsvar, underernæring, tonsillektomi, graviditet, muskelskadar og fysisk aktivitet like etter at lamming har oppstått.

Viruset kjem inn i kroppen gjennom munnen, der det infiserer svelget og slimhinnene i heile tarmkanalen. Etter om lag ei veke spreier det seg frå fordøyingssystemet til mandlane, lymfevev og lymfeknutar. Deretter blir det teke opp i blodet. Viruset kan fortsetja å formeira seg i blod- og lymfesystemet i fleire veker. I nokre høve kan viruset gå inn i sentralnervesystemet. 1 % av infeksjonane fører med seg skade på motoriske nervar i ryggmergen, hjernestammen og hjernebarken. Dette fører til lammande polio.

Kamp mot sjukdommen endre

Polio blei erklært utrydda i Amerika i 1994, ei gruppe stillehavsland som omfatta Australia og Kina i 2000, og i Europa i 2002. I 2006 var sjukdommen utbreidd i berre fire land: Afghanistan, Pakistan, India (delstatane Uttar Pradesh og Bihar) og Nigeria. I Amerika har det også oppstått mindre nye utbrot.[1]

Poliotilfelle endre

Fleire kjende menneske har hatt polio, mellom anna idrettsfolka Ray Ewry, Wilma Rudolph og B.S. Chandrasekhar, forfattaren Bapsi Sidhwa, musikaren Itzhak Perlman, målaren Frida Kahlo og skodespelaren Mia Farrow. Den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt var også lenge kjend for å ha blitt lamma av polio, men seinare diagnosar har peikt på Guillain-Barrés syndrom som meir sannsynleg.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. På Haiti og i Den dominikanske republikken i 2001 og i Minnesota i USA i 2005. Sibbald 2001, Harris 2005
  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.