Franziska Preuß (fødd 11. mars 1994) er ein tysk skiskyttar frå Wasserburg am Inn i Bayern. Ho gjekk den andre etappen for det tyske kvinnelaget som vann stafettgull under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti. I den same meisterskapen vann Preuß sølvmedaljen på fellesstarten, året etter sikra ho seg sølv og bronse i ulike stafettøvingar under verdsmeisterskapen i Oslo.

Franziska Preuß


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 11. mars 1994 (30 år)
Wasserburg am Inn
Idrett skiskyting
Tok del i

VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner

Aktiv endre

Preuß viste talentet sitt då ho vart trefaldig tysk meister i 2013-sesongen. Under verdsmeisterskapen i Kontiolahti i mars 2015 var ho med om å vinne gull i 4 x 6 km stafett, saman med Franziska Hildebrand, Vanessa Hinz og Laura Dahlmeier. På avslutningsøvinga i meisterskapen, 12, 5 km fellesstart, gjekk Preuß inn til sølv, 6,2 sekundar bakom Valj Semerenko frå Ukraina, ein einsleg bom kosta Preuß gullet, Semerenko skaut feilfritt. Under VM i skiskyting 2016 i Oslo tok Preuß seg av startetappen for dei tyske mannskapa både på mixstafetten og kvinnestafetten. Det tyske mixlaget enda opp med sølv, medan kvinnelaget kom på bronseplassen. I dei olympiske vinterleikane 2018 i Pyeongchang enda ho på fjerdeplassen i 15 km normalprogram, trass feilfri skyting.

Den 20. januar 2019 tok Preuß sin fyrste individuelle siger i verdscupen i skiskyting, med di ho vann fellesstarten under renna i Ruhpolding framfor norske Ingrid Tandrevold.

Kjelder endre