Fraoch-Eilean

(Omdirigert frå Fraoch-eilean)

Fraoch-Eilean er ei lita øy nord for Benbecula i Ytre Hebridane i Skottland. Ho er om lag 30 hektar stor og det høgaste punktet på øya ligg berre 11 meter over havet. Namnet kjem frå gælisk for «lyngheiøy».

Fraoch-Eilean
Geografi
Fraoch-Eilean is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°30′N 7°15′W / 57.50°N 7.25°W / 57.50; -7.25
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 0,3 km²

Høgaste punkt Cnoc Mor (11 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0 offisielt

Ein banke knyter ho til Grimsay og der finst ein busetnad kalla Seana Bhaile (skotsk-gælisk for «gammal landsby»). North Uist ligg i nord og North Ford-moloen i vest. Dei små øyane Eilean Roinoch og Màs Grimsay ligg like aust for Fraoch-Eilean.

I følgje folketeljinga i 2001 budde det ikkje folk på øya, men det er tydeleg frå både kart[1] og bilete[2][3] at det er folk som bur her. Det er eit stort problem å definere øyar i Hebridane[4] og det er truleg at folketalet har vorte ein del av folketalet til Grimsay, som har over 800 innbyggjarar. Kart frå Ordnance Survey indikerer om lag 10-12 hus, så 10-35 innbyggjarar er truleg.

Kjelder endre

  1. "Get-a-Map". Ordnance Survey.
  2. Fergusson, Dave (24. mai 2007) "Houses on Seana Bhaile" Geograph.
  3. Wilding, Stuart (20. juni 2008) "Gearraidh Dubh" Geograph.
  4. Til dømes skriv Haswell-Smith (2004) om Eileanan Iasgaich som ei øy, medan ho ved høgvatn vert mange små tidvassøyar.