Freden i Rastatt frå 7. mars 1714 enda fiendskapen mellom Frankrike og Austerrike mot slutten av den spanske arvefølgjekrigen. Han supplerte freden i Utrecht, som året før hadde enda fiendskapen mellom Frankrike på den eine sida og Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda på den andre. Ein tredje avtale, freden i Baden, måtte til for å ende krigen mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket.

Kart over Europa i 1714, etter fredstraktatne frå Utrecht, Rastatt og Baden.

Freden vart forhandla fram ved Den første Rastatt-kongressen i 1713 og 1714 av den franske marskalken Claude Louis Hector de Villars og den austerrikske prinsen Eugene av Savoie.

Kjelder

endre