Claude Louis Hector de Villars

Claude Louis Hector de Villars, Prince de Martigues, MarquisDuc de Villars, Vicomte de Melun (8. mai 165317. juni 1734) var den siste store generalen til Ludvig XIV av Frankrike og ein av dei mest briljante kommandørane i fransk militærhistorie, ein av berre berre seks marskalkar som har vorte forfremma til generalmarskalk av Frankrike.

Claude Louis Hector de Villars

Fødd8. mai 1653
FødestadMoulins
Død17. juni 1734
DødsstadTorino
Rangmarskalk av Frankrike, Marshal General of France
KonfliktarDen spanske arvefølgjekrigen, Slaget ved Höchstädt, Den fransk-nederlandske krigen, Niårskrigen, Slaget ved Friedlingen, Slaget ved Malplaquet, Slaget ved Denain, Camisarder, Den polske arvefølgjekrigen
Adelstittelhertug

Militærkarriere endre

Villars vart fødd i Moulins (i dagens Allier) i ein adeleg, men fattig familie. Faren var diplomaten Pierre de Villars. Han gjekk inn i den franske hæren i 1671. Han utmerkte seg 20 år gammal i omleiringa av Maastricht i 1673 under den fransk-nederlandske krigen og etter det blodige slaget ved Seneffe eit år seinare vart han forfremma til mestre de camp (oberst) i eit kavaleriregiment.

Den neste forfremminga tok tid, trass i god teneste under Turenne, den store Condé og Luxembourg og den aristokratiske bakgrunnen hans. Årsaka var at han hadde vorte uvenner med den mektige Louvois, men han vart omsider gjort maréchal de camp i 1687.

Mellom dei nederlandske krigane og danninga av Augsburg-ligaen, var Villars, som kombinerte militærtenesta si med diplomatverksemd, tilsett i eit uoffisielt oppdrag for hoffet til Bayern, og der vart han vener med kurfyrste Maximilian II Emanuel av Bayern.

Han vendte attende til Frankrike i 1690 og fekk kommandoen over eit kavaleri i armeen i Flandern, men mot slutten av den store allianse-krigen reiste han til Wien som ambassadør.

Den spanske arvefølgjekrigen endre

For meir om dette emnet, sjå den spanske arvefølgjekrigen.
 
Villars vinn den viktigaste sigeren sin ved Denain.

Det var den neste krigen som gjorde Villars kjend. Han starta med slaga i Friedlingen (1702) og Hochstadt (1703) og enda med Denain (1712). For deltakinga si i slaget ved Friedlingen fekk han marshalate, og for å roe opprøret i Cévennes fekk han Saint-Esprit-ordren og tittelen hertug. Friedlingen og Hochstadt var nytteslause sigrar, og felttoga som dei var ein del av bra preg av mange tapte høve. Heideren til Villars starta derfor i år 1709 då Frankrike, tilsynelatande hjelpelaus, med stor innsats klarte å forsvare seg sjølv.

Dette året vart han tilkalla for å kommandere hovudarmeen som stod mot prins Eugene av Savoie og Marlborough på den nordlege grensa. Under svolten gjennom vinteren delte han dei ynkelege rasjonane med soldatane sine. Då felttoget starta, let gamle marskalk Boufflers seg frivillig tene under han, og etter det fryktelege slaget ved Malplaquet, der Villars vart alvorleg skadd (av ei muskettkule i kneet), klarte han å fortelje kongen: «Om det gjer Gud til lags å gje deira majestet sine fiendar nok ein slik siger, er dei ferdige.»

To felttog passerte utan eit slag og med lite framdrift for invasjonsstyrkane, men til slutt klarte Marlborough å manøvrere Villars ut av dei kjende Ne plus ultra-linjene og forsvarseffekte såg ut til å ha forsvunne. Men Boufflers gjorde eit siste forsøk, den engelske kontingenten og den store leiaren deira trekte seg attende frå leiren til fienden, og Villars, som framleis leid av skaden han hadde fått i Malplaquet, utmanøvrerte og slo Eugène i eit avgjerande slag i Denain. Denne sigeren redda Frankrike, sjølv om krigen drog ut enno eit år lagns Rhinen, der Villars tok Landau, leia storminga av Freiburg og forhandla Rastatt-traktaten med prins Eugène.

Regentskap endre

Villars spelte ei viktig rolle i politikken i regjeringstida som den viktigaste motstandaren til kardinal Dubois, og berre minnene frå opprøret i Montmorency hindra han frå å verte Connétable de France. Han deltok på slagmarka for siste gong i den polske arvefølgjekrigen (1734), med tittelen generalmarskalk av armeane til kongen, som Turenne hadde hatt før han. Han var no over 80 år gammal og etter å ha starta felttoget med stor iver, døydde han i Torino den 17. juni 1734.

 
Coat of Arms of duc de Villars in Vaux-le-Vicomte castle

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Claude Louis Hector de Villars
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Claude Louis Hector de Villars