Frederick Chiluba
zambisk politikar
Frederick Jacob Titus Chiluba (30. april 1943–18. juni 2011) var president i Zambia frå 1991 til 2002.
Frederick Chiluba | |
Statsborgarskap | Zambia |
Fødd | 30. april 1943 Kitwe |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | engelsk |
Politisk parti | MMD |
Religion | Pinserørsla |
Frederick Chiluba på Commons |
Fagforeiningsleiaren Chiluba vann i 1991 presidentvalet i Zambia som kandidat for Movement for Multi-party Democracy (MMD), og slo dermed den sitjande presidenten gjennom 23 år; Kenneth Kaunda. Chiluba vart attvald i 1996 og sat ut den andre femårsperioden til 2002. Etter han gjekk av vart Chiluba over fleire år granska og så tiltalt for korrupsjon. Han vart endeleg frikjend i 2009.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Frederick Chiluba» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2016.