Kitwe er er ein by i Copperbelt-provinsen i Zambia. Med over 550 000 ibuarar er byen den nest mest folkerike i landet etter hovudstaden Lusaka. Kitwe ligg 1219 meter over havet, ved elva Kafue.

Utsyn mot Kitwe

Byen Kitwe voks fram då kopargruva Nkana vart opna i 1936. Bystatus fekk Kitwe i 1966. Næringslivet baserer seg på omfattande gruvedrift og utvinning av særleg kopar, men òg enkelte edelsteinar.

Avdøde president Frederick Chiluba var frå Kitwe.

Kjelder endre