Lusaka er hovudstad og største byen i Zambia. Han ligg på sørdelen av sentralplatået, 1 279 meter over havet. Innbyggartalet vart i 2007 berekna til 3,1 millionar. Byen hyser regjeringskontora og er det økonomiske senteret i landet. Fire av hovudvegane i Zambia; Great North Road, Livingstone Road, Great East Road og Great West Road går ut frå/inn i byen. Dei to mest brukte språka i Lusaka er engelsk og nyanja.

Lusaka
Horisonten til Lusaka
Horisonten til Lusaka
Styresmakter
Land
Provins
Distrikt
Zambia
Lusaka
Lusaka
Geografi
Flatevidd 360 km²
Innbyggjarar 1 742 979 (2010)
Innbyggjarar
 - By (2010)

2 467 563
Høgd over havet 1279 m
Tidssone UTC+02:30 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: https://www.lcc.gov.zm/
Nettstad: www.lcc.gov.zm
Plassering
Plassering av Lusaka
Plassering av Lusaka

Styre endre

Både den lovgjevande, utøvande og dømmande makta i Zambia har sine sete i Lusaka. Parlamentet har plass i ein 15 etasjar høg bygning. Byen er også hovudstad for Lusaka-provinsen, den minste men mest folkerike av dei ni provinsane i landet.

Samferdsle endre

 
Eit kjøpesenter på Manda Hill, ved Great Eastern Road

Fly endre

Byen har flyplass, Lusaka International Airport, og ligg ved jarnbanen mellom Livingstone og Kitwe. Flyplassen vert brukt av både offentleg og militær luftfart.

Buss endre

Bussruter går frå Lusaka til nærliggjande byar som Siavonga og Chirundu.

Klima endre

Lusaka har eit fuktig, subtropisk klima. Kjølegaste månaden, juli, har ein middeltemperatur på 16 °C. Klimaet er prega av varme, men ikkje heite, somrar. Resten av året er det mildt. Den varmaste månaden, oktober, ligg temperaturen godversdagane på kring 25 °C. Lusaka har både regntid og tørketid. Tørketida er den dominerande og varer frå april til slutten av oktober.

Historie endre

 
Høgsteretten i Zambia

Lusaka var ein landsby oppkalla etter hovdingen sin, Lusakasa, som i fylgje soga låg på Manda Hill, nær der Zambias nasjonalforsamling står no. Området vart utvida av europeiske, i hovudsak britiske, settlarar då det i 1905 vart bygt jarnbane.

I 1935 vart byen vald til hovudstad i den britiske kolonien Nord-Rhodesia, til dess hadde Livingstone vore hovudstad i kolonien. Staden vart vald, både for at han låg nokså sentral og for at han låg i krysset mellom Great North Road og Great East Road.

Etter danninga av føderasjonen mellom Nord- og Sør-Rhodesia i 1953, vart byen eit senter for ei sjølvstendrørsle mellom nokre av den utdanna eliten. Dette førte til danninga av republikken Zambia. I 1964 vart Lusaka hovudstad i det nyleg sjølvstendige Zambia.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lusaka