Frederick Winslow Taylor
Frederick Winslow Taylor (20. mars 1856–21. mars 1915) var ein amerikansk ingeniør og oppfinnar. Han såg tidleg viktigheita av rasjonalisering og effektivisering i industrien. I 1881 utførte han difor dei første tidsstudie i eit stålverk. Ut frå dette arbeidet utvikla han ein teori om scientific management (vitskapleg - dvs. rasjonell bedriftsleiing), også kalla taylorisme. Denne metoden er basert på ein systematisk analyse av dei einskilde elementa i ein arbeidssituasjon, ikkje sjeldan med utgangspunkt i tidsstudie. Han vert saman med Henry Ford rekna for å vere mellom dei viktigaste drivkreftene bak utviklinga av den kapitalistiske storindustrien.[1]
Frederick Winslow Taylor | |||
| |||
Fødd | 20. mars 1856 Germantown i Philadelphia | ||
---|---|---|---|
Død | 21. mars 1915 Philadelphia | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | Taylorisme, ergonomi | ||
Yrke | samfunnsøkonom, management consultant, maskiningeniør, foredragsholder, skribent, ingeniør | ||
Institusjonar | Tuck School of Business Midvale Steel | ||
Alma mater | Phillips Exeter Academy Stevens Institute of Technology | ||
Medlem | American Philosophical Society American Academy of Arts and Sciences |
Kjelder
endre- «Frederick_Winslow_Taylor» i Store norske leksikon, snl.no.
Fotnotar
endre- ↑ Gulowsen, Jon (1976–1982). «Taylorisme». Pax Leksikon. Pax Forlag. Henta 9. februar 2010. «Sammen med praktikeren, bilfabrikanten Henry Ford, var Taylor blant dem som bidro sterkest til utviklingen av den kapitalistiske storindustri».