Frederik Georg Lerche

Fredrik Georg Lerche (27. mai 18074. november 1883) var ein norsk jurist, forfattar og politikar.

Frederik Georg Lerche

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mai 1807
Død

4. november 1883 (76 år)

Yrke politikar
Frederik Georg Lerche på Commons

Liv endre

Lerche var fødd på Vallø, faren var forvaltar ved Vallø saltverk. Sjølv vart han student i 1825. I studentida var han ein trufast tilhengar av barndomsvenen Henrik Wergeland. Han tok juridisk embetseksamen i 1830. År 1838 vart han underrettsprokurator i Søndre Trondhjems amt, med bustad i Trondheim. Frå 1843 var han overrettsprokurator. Ved sidan av sakførarpraksisen skreiv han fleire verk om jus og norsk rettshistorie.

 
Fredrik Georg Lerche. Illustrasjon frå Verdens Gang, 1883.

Lerche vann anerkjenning mellom folk, og under påverknad av Marcus Thrane sin agitasjon vart han vald til stortingsmann for Trondheim. På Stortinget 1851 var han formann i justiskomite nr 2 og i lovkomiteen. Ved neste stortingsval mangla han ei stemme på å verte 1. representant, og vart til sist 4. varamann. Han kom atter på Stortinget 1857 og i 1858, og var i 1857 medlem av bankkomiteen.

Frå 1858 budde Lerche på garden sin, Kvamme, i Strinda. Han flytta i 1867 til Paris, andrekona hans var frå Frankrike. Under omleiringa av Paris i 1870 gjorde han, 67 år gammal, vakttjeneste på vollane. Han deltok derimot ikkje kommunardoppstanden i 1871, då «han ansaa anarkisterne liksom preusserne for motstandere av friheten og civilistationen».[1] Han døydde i Paris i 1883.

Verk endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914

Bakgrunnsstoff endre