Frederik Wexels Heyerdahl (7. april 181925. mars 1887) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Frederik Heyerdahl
Fødd7. april 1819
Død25. mars 1887
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Heyerdahl var fødd i Lenvik, der far hans var sokneprest. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1842, og var deretter fullmektig på eit futekontor. Seinare var han kopist i revisjonsdepartementet, før han så i ti år, 1844–54, var fut og sorenskrivar i Aust-Finnmark. År 1853 tok han til som tollkasserar i Vadsø, frå 1858 tolloppsynsbetjent same staden. Fut i Valdres 1868-84 og til sist i Larvik.

Heyerdahl var 2. representant frå Finmarkens amt på Stortinget 1854, der han var sekretær i kyrkjekomiteen.

Han døydde 1887 i Larvik.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914