Fredkjøp, norrønt fríðkaup, var i mellomalderen namnet på bota ein fredlaus måtte svare for å sleppe or fredløysa. Det var viktig for den som hadde vorte lyst fredlaus å kunne sleppe med ei bot, for ved å verte lyst fredlaus, vart han ståande utanfor samfunnet på alle vis. Han var utan rettsvern, og kunne takast av dage av kven det måtte vere.

I kong Magnus Lagabøtes tid var det alltid kongen som fastsette storleiken på bota. Frå 1300-talet vart bota for drap jamnt over sett til 10 mark, men ut frå omstenda kunne brotsmannen verte idømd dobbelt eller halvt fredkjøp.

Særleg i Skandinavia og England var det vanleg i mellomalderen og tidlegare tider å reagere med å lyse fredlause dei som hadde gjort alvorlege brotsverk.

Sjå òg endre

Kjelder: endre