63°57′51.829″N 10°14′35.542″E / 63.96439694°N 10.24320611°E / 63.96439694; 10.24320611

Fredmoen

Fredmoen laksefiskemuseum
Foto: BjørnN
Kart
Fredmoen
63°57′52″N 10°14′36″E / 63.96439694°N 10.24320611°E / 63.96439694; 10.24320611

Fredmoen er eit museum for laksefiske ved Stordalselva mellom Årnes og Støvelfossen, i Åfjord kommune i Trøndelag. Engelske sportsfiskarar heldt til på Fredmoen frå om lag 1900 til 1980-talet. Staden er godt bevart med interiør frå starten på 1900-talet, og inneheld mellom anna minne frå den tida engelskmennene var her. Museet vert òg brukt som selskapslokale for mindre grupper.

Opphavleg var eigedommen ein husmannsplass under prestegarden som heitte Elvemo.[1] Namnet «Fredmoen» er ei fornorsking av namnet lord Walshingham gav staden: «I was able to get to Norway in the true fishing season, as I still do, a house and salmon river of my own, which I have christened the Place of Peace.»[2]

Kjelder endre

  1. «Historie», Fredmoen - "the place of peace", henta 13. november 2023 
  2. John de Grey Walsingham: Fish, London, 1926.

Bakgrunnsstoff endre