Fredrik Hope (fødd 12. oktober 1993) er ein norsk målmann og felespelar frå Hyen i Gloppen. Han vart leiar for Norsk Målungdom i 2017, etter å ha hatt fleire verv i sentralstyret i organisasjonen. Våren 2014 vart han økonomiansvarleg i sentralstyret i Norsk Målungdom, før han fungerte som nestleiar. I tillegg har han vore leiar i Studentmållaget i Bergen.[1][2] Tidlegare har han vore aktiv i Firda Målungdom og Skibladner Målungdom. Til vanleg studerer han ved Universitetet i Oslo.

Fredrik Hope
Fødd12. oktober 1993 (30 år)

Utanom målsaka, er Hope elles ein driven felespelar. Han har vore aktiv i Folkemusikklaget, Hyen Spelemannslag, Spelemannslaget Fjelljom og Gloppen hardingfelelag.[3][4]

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Sentralstyret». Norsk Målungdom. Henta 5. februar 2015. 
  2. Tonheim, Aleksander Nygård (24. september 2013), «Spreiar Nynorsk i Bergen», Studentradioen i Bergen, henta 4. februar 2015 
  3. Hind, Erle (6. september 2012), «Fredrik Hope sine folkemusikkfavorittar - frå Nordfjord til Nord-Noreg», Sogn og Fjordane Fylkeskommune Fylkesarkiv, henta 4. februar 2015 
  4. «Vinnar av vervekampanjen: Fredrik Hope». Folkemusikklaget. Henta 5. februar 2015.