Studentmållaget i Bergen
Studentmållaget i Bergen eller SmiB er eit lokallag i Norsk Målungdom (NMU), ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og har som føremål å arbeide for nynorsken blant studentar og akademikarar i Bergen. SmiB har heile tida hatt Universitetet i Bergen som kjerneområde.
Studentmållaget i Bergen | |||
Skipa | 1946 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Bergen | ||
Leiar | Benjamin Kvaløsæter (2022- ) | ||
Nettstad | smib.no |
Historikk
endreDei første åra
endreStudentmållaget vart skipa i 1946. I fyrste perioden var aktiviteten meir allmennkulturelt prega, og det å skape eit miljø for målstudentar var viktig. Såleis hadde ein vitjingar av forfattarar og fokus på litteratur. I tillegg var ein oppteken av måljamstilling ved Universitetet i Bergen.
I Vestlandsfan 6/1975 refererer ein til 15-årsjubileet for Studentmållaget. Ut frå arkivet er det ikkje rett, men det tyder på at perioden på slutten av 1950-talet var ein daudperiode. På 1960-talet hadde ein kulturmøte og dreiv jamstellingsarbeid blant anna for å få eksamensoppgåver på nynorsk, seinare galdt det meir rom for nynorsken i administrasjonen og nynorske lærebøker. I 1965 hadde ein òg ei talemålsgruppe for å arbeide for nynorsk normaltalemål.
Sosialt og politisk engasjement
endreSmiB var aktivt alt i 1961–1962 aktiv i motstanden mot norsk medlemskap i EEC. Den politiske tendensen i SmiB vart endå sterkare på 1970-talet med EEC-striden og kopling av målsaka til aktuelle samfunnsspørsmål. Frå 1972 til 1976 heldt sentralstyret til Norsk Målungdom i Bergen, og SmiB hadde etter måten stor innverknad. Flyttinga av sentralstyret frå Bergen til Oslo vart gjort med fleirtal på éi røyst på landsmøtet til NMU i 1976, og bakom låg ein målpolitisk strid fyrst og fremst mellom SmiB og Studentmållaget i Oslo. Noko forenkla kan ein seie at SmiB la vekt på nasjonale argument og synet om nynorsk som einaste riksmål i landet, medan Studentmållaget i Oslo stod på ei folkemåls-linje.
Sosialt var Målkjellaren eit viktig tiltak på 1970-talet, men det var gjennomgåande eit spørsmål om kjellaren var meir ei ølstove enn eit måltiltak. Ein arrangerte òg ofsefestar, med allusjonar til Storofsen som fór over Austlandet i 1789. Desse sosiale tiltaka var med på å gjere SmiB til ein viktig sosial treffstad for studentar.
På midten av 1980-talet kvikna SmiB til live att, etter ein daudperiode. Eit uttrykk for det var at ein gav ut bladet Tal. Ein tok òg opp att tradisjonen frå 1970-talet med ofsefestar, og arrangerte debattmøte. Igjen var tanken å kople målsaka til samfunnsspørsmål, men ein var på same tida oppteken av å markere avstand til 1970-talet. På denne tida var det òg sterke motsetnader mellom SmiB og Norsk Målungdom. Motsetnadene dreidde seg særleg om ulike syn på sentralstyring, men òg om ideologi i ein periode der ein NMU la stor vekt på kople målsak til nasjonalisme. Det enda med at ein meldte seg ut av NMU i 1990, men ein melde seg inn att nokre år etter.
På 1990-talet vart SmiB igjen vitalisert gjennom striden om norsk medlemskap i EU. Mange av dei som då var aktive i SmiB, for så til sentralstyret til NMU i Oslo.
Ny start
endrePå byrjinga av 2000-talet hadde SmiB lenge vore nede og inaktivt, og hadde få aktive periodar. I 2009 vart aktiviteten til laget gjenoppretta då Ida Haugum og Helene Urdland Karlsen tok over roret. I 2010 vart styret til SmiB tilført nye personar og Odin Hørthe Omdal tok på seg leiarvervet for laget.[1] SmiB engasjerte seg same året for opprettinga av Austevoll mållag.
Den tidlegare striden mellom SmiB og Studentmållaget i Oslo vart totalt avliven utover 2000-talet. Laga starta heller med å samarbeide. SmiB har sidan 2010 gitt ut Mål og Makt, tidsskrifta til SmiO, gratis til dei medlemane som ønsker det. I 2011 gav SmiB ut satireavisa Dagverd, noko som vart omtalt som «framhald av Verdas Dag, som aldri saag dagens ljos».[2] I motsetnad til dei etterfølgjande åra, hadde SmiB i perioden 2009–2012 hovudsakleg sentrert engasjementet sitt mot HF-fakultetet ved Universitetet i Bergen.
Fredrik Hope tok over som leiar i 2013. I tillegg til å engasjere seg for nynorsk og dialekt, byrja laget å engasjere seg for dei samiske språka, men ikkje på kostnad av nynorsken. Før stortingsvalet i 2013 arrangerte SmiB sidemålsdebatt.[3] Hope, som i dag er leiar i Norsk Målungdom[4], leia skuta fram til våren 2014, då Marta Nagel-Alne tok over leiarvervet. Mellom 2014 og 2017 heldt Nagel-Alne fram med det politiske og sosiale engasjementet i studentmållaget.
Utgjevingar
endreSmiB gav ut bladet Vestlandsfa'n 1963–1982[5]. Dei fyrste 6 årgangane er forsvunne, so biblioteka har ikkje heile serien. Bladet vart halde fram av Tal som kom ut 1986–1993.[6]
Styre
endre- Leiar: Stina Ringdal Strøm
- Skrivar: Kristina Olset
- Kasserar: Pernille Fosse
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Omdal, Odin H. (6. februar 2010), ««Nytt styre»», Studentmållaget i Bergen, henta 4. februar 2018
- ↑ «Dagverd 1. utgåve, 2011» (PDF). Studentmållaget i Bergen. Henta 11. mars 2015.
- ↑ Tonheim, Aleksander Nygård (24. september 2013), «Spreiar Nynorsk i Bergen», Studentradioen i Bergen, henta 4. februar 2015
- ↑ Landsmøte i Norsk Målungdom 2017
- ↑ «Bibsys-oppføring av bladet Vestlandsfa'n». Bibsys. Henta 2. februar 2010.[daud lenkje]
- ↑ «Bibsys-oppføring av bladet Tal». Bibsys. Henta 2. februar 2010.[daud lenkje]
- Ulike årgangar av "Vestandsfan"
- Arkivet etter Studentmållaget i Bergen, møteprotokollar frå 1946 til 1986, deponert i Fensal.
Bakgrunnsstoff
endre- Heimesida til Studentmållaget i Bergen Arkivert 2010-11-26 ved Wayback Machine.