Fredrik Meyer

kjøpmann, meklar og stortingsmann

Fredrik Meyer (11. oktober 17707. september 1833) var ein norsk kjøpmann, meklar og stortingsmann frå Bergen.

Fredrik Meyer
Fødd 11. oktober 1770
Bergen
Død

7. september 1833 (62 år)

Yrke politikar

Meyer var son til ein kjøpmann i Bergen, og dreiv sjølv med handel til dess han vart bymeklar i Bergen. I 1813 representerte han Bergen i eit møte om å opprette ein låne- og diskonteringsbank i Christiania.

Meyer var 2. representant frå Bergen på Stortinget 1815-16. På tinget var han medlem av 13 komitear, mellom anna i spørsmålet om frihamn i Kristiansand, om kjøpstad i Bodø, samt allment om kjøpstader og kjøptstadsprivilegiar, dessutan i handelskomiteen, komiteen om gasjar og pensjonar, og i komiteane om lastevagifter og konsulatavgifter. Grunna sjukdom vart han permittert 25. juni 1816.

Han døydde i heimbyen Bergen i 1833.

KjelderEndra