Opna hovudmenyen

Fredrik Vilhelm I (tysk Friedrich Wilhelm I) (fødd 14. august 1688 i Berlin, død 31. mai 1740 same stad) frå Huset Hohenzollern var konge av Preussen og kurfyrste av Brandenburg (som Fredrik Vilhelm II) frå 1713 til han døydde i 1740. Han vert populært kalla «Soldatkongen» (der Soldatenkönig).

Fredrik Vilhelm I
Frederick william I of prussia.jpg
Konge av Preussen; Kurfyrste av Brandenburg
Regjeringstid1713 - 1740
Fødd14. august 1688
FødestadBerlin
Død31. mai 1740
DødsstadBerlin
GravstadSanssouci i Potsdam
EtterfølgjarFredrik II
Gift medSophie Dorothea av Hannover
EktefelleSofia Dorothea av Hannover
KongehusHuset Hohenzollern
FarFredrik I
MorSofia Charlotte av Hannover
BornFilippa Charlotta av Preussen, Sofia Dorothea av Preussen, Louise Ulrike av Preussen, August Vilhelm, sønn av Fredrik Vilhelm I, Anna Amalie av Preussen, Henrik av Preussen, August Ferdinand von Preußen, Friederike Luise av Preussen, Fredrik II av Preussen, Wilhelmine av Preussen, Frederick Louis, Crown Prince of Prussia

Faren hans, Fredrik I av Preussen, var den første kongen av Preussen. Fredrik Vilhelm konsentrerte seg om å bygge opp den militære makta til Preussen. Han sentraliserte og betra den prøyssiske staten, erstatta tvungen militærteneste for middelklassen med ein årleg skatt, oppretta grunnskular, og sørgde for å folkesette Aust-Preussen etter at innbyggjartalet hadde vorte redusert som følgje av pest i 1709.

Han levde spartansk for sin stand å vere, og likte best å vere kledd i hæruniformen sin. I motsetnad til faren og bestefaren hadde han ikkje mykje til overs for kultur og protesterte på pengar som ikkje gjekk til hæren. I levetida hans vart den prøyssiske hæren fordobla.

Fredrik Vilhelm og kona hans Sofie Dorothea av Hannover hadde åtte overlevande barn.

  • Vilhelmine av Bayreuth (1709 - 1758)
  • Fredrik II av Preussen (òg kalla «Fredrik den store») (1712-1786)
  • Frederikke Louise (1714-1784)
  • Filippine Charlotte (1716-1801)
  • Sofie Dorothea Marie (1719-1765)
  • Louise Ulrike, dronning av Sverige (1720-1782)
  • August Vilhelm (1722-1758)
  • Anna Amalia (1723-1787)
  • Henrik (1726-1802)
  • August Ferdinand (1730-1813)

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fredrik Vilhelm I av Preussen

KjelderEndra