Fredrik I av Preussen
Fredrik I (11. juli 1657–25. februar 1713) frå Huset Hohenzollern var (som Fredrik III) kurfyrste av Brandenburg (1688–1713) og hertug av Preussen i personalunion (Brandenburg-Preussen). Då hertugdømet Preussen vart opphøgd til kongedøme, vart han den første kongen av Preussen (1701–1713). Frå 1707 var han i personalunion med den herskande fyrsten av fyrstedømet Neuchâtel (tysk Fürstentum Neuenburg). Han var òg farfar til Fredrik den store.
Fredrik I | |||
Fredrik I av Preussen | |||
Konge av Preussen Kurfyrste av Brandenburg | |||
Regjeringstid | Som kurfyrste av Brandenburg (1688–1713) Konge av Preussen (1701–1713) | ||
---|---|---|---|
Kroning | 18. januar 1701 i Königsberg | ||
Fødd | 11. juli 1657 | ||
Fødestad | Königsberg i Hertugdømet Preussen | ||
Død | 25. februar 1713 (55 år) | ||
Dødsstad | Berlin i Preussen | ||
Gravstad | Berliner Dom | ||
Føregangar | Fredrik Vilhelm I den store | ||
Gift med | Elizabeth Henriette av Hessen-Kassel Sofia Louise av Mecklenburg-Schwerin | ||
Dynasti | Hohenzollern | ||
Far | Fredrik Vilhelm av Brandenburg | ||
Mor | Louise Henriette av Oranien-Nassau | ||
Born | Luise Dorothea av Preussen, Fredrik Vilhelm I av Preussen, Friedrich August Prinz von Brandenburg, son utan namn von Hohenzollern |
For å vinne Austerrike i planen om å få landet sitt opphøgd til kongedøme, forsømte han interessene til sitt eige land under den store nordiske krigen og deltok utan utbytte i den spanske arvefølgjekrigen. Han støtta kunst og vitskap, grunnla mellom anna universitetet i Halle i 1694.