Fredriksten er ei festning i Halden (byen heitte Fredrikshald frå 1665 til 1928). Forsvarsverket der festninga ligg i dag, vart bygd i åra 1640-45 i samband med Hannibalfeiden. Sjølve Fredriksten festning vart påbegynt i 1661 og er oppkalla etter den dansk-norske kongen Frederik III (1609-1670).

Fredriksten festning
Halden

Fredriksten festning sett frå hamna.
Koordinatar 59°7′10.776″N 11°23′48.296″EKoordinatar: 59°7′10.776″N 11°23′48.296″E
Bygd 1661
Byggmaterial Mur
I bruk 1661-1905
Noverande
eigar
Forsvarsbygg
Opent for
publikum
Ja
Kontrollert av Noreg
Slag/krigar Den store nordiske krigen
Hendingar Den svenske kongen Karl XII fall ved Fredriksten
Fredriksten festning i Halden
Minnesmerke over Karl XII, Fredriksten festning, Halden

Festningsanlegget slik det framstår i dag er i hovudsak eit resultat av utbygging på 1660- og 1670-talet som følgje av at Frederikshald vart grenseby etter at det tidlegare norske området Bohuslen vart svensk territorium i 1658. Det var tapt av Båhus festning til Sverige og dei tre svenske åtaka på Halden i 1658 -59 og -60 som hovudsakleg førte til at danskekongen såg det naudsynt med ei ny og sterk festning. Festninga vart kringsett heile seks gonger, men aldri teken. Den svenske kongen Karl XII fall ved festninga den 11. desember 1718 under den svenske kringsetjing under den store nordiske krigen.

I tida før unionsoppløysinga vart festninga modernisert med moderne skyts på Hjelmkollen, Veden, Overberget, Gyldenløve og på nordsida av den gamle hovudfestninga. Etter Karlstadkonvensjonen i 1905 vart festninga nedlagt som krigsfestning og det moderne skytset fjerna. Éin tårnkanon er likevel tilbakeført i nyare tid.

Inntil nyleg heldt Forsvarets Forvaltningsskole til på festninga. I dag er festninga ope for alle og ei rekkje museum er å finne i indre festning og området bak festninga er brukt til konsertar og andre kulturarrangement. I 2005 vart festninga brukt som kulisser til ein opera (Aurora) i samband med feiringa av unionsoppløsninga. Det blir no arbeidt for å få etablert ein årleg opera/musikkteaterfestival på området.

2007 var første året TV-programmet «Allsang på grensen» vart spelt inn på festninga. Dette programmet gjekk på TV 2 kvar torsdag gjennom heile sommaren. Serien gjekk òg i 2008, 2009 og i 2010.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre