Fredrik III av Danmark-Noreg

(Omdirigert frå Frederik III)

Fredrik III (18. mars 16099. februar 1670) var ein dansk-norsk konge av Oldenborgslekta.[1] Han innførte den kongelege arveretten – einevelde – i Danmark-Noreg og gjorde len om til amt.

Fredrik III

Konge av Danmark og Noreg
Regjeringstid16481670
Fødd18. mars 1609
FødestadHaderslev
Død9. februar 1670
DødsstadKøbenhavns slott, København
GravstadRoskilde domkyrkje
Gift medSophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg
DynastiFyrstehuset Oldenburg
Motto«Herren vil være mit forsyn»
FarKristian IV av Danmark-Noreg
MorAnna Kathrine av Brandenburg
BornPrins Jørgen, Kristian V av Danmark-Noreg, Anna Sophie av Danmark, Frederikke Amalie, Vilhelmine Ernestine, Ulrika Eleonora av Danmark, Ulrik Fredrik Gyldenløve, Frederik Oldenburg, Dorothea Oldenburg

Fredrik var den nest eldste sonen til Kristian IV av Danmark-Noreg og Anna Kathrine og fødd på Haderslevhus. Den eldre broren Kristian døydde i 1647, og den nye tronfølgjaren Fredrik tok over trona etter far sin året etter.

Fredrik hadde gifta seg med den femtenårige prinsessa Sophie Amalie av Braunschweig-Lüneburg i 1643. Dei fekk åtte barn saman, fem jenter og tre gutar. Kongen og dronninga vitja Noreg i august 1648, der han blei formelt hylla og saluttert med 3 000 kanonskudd.[2]

Utdanning endre

I 1621 blei Frederik koadjutor i Bremen stift og året etter administrator i nabostiftet Verden an der Aller. I 1624 blei han folkevalt administrator i Halberstadt.[3]I 1624 drog han heim att til Danmark for å studere på det Ridderlige Akademi i Sorø, kor han fekk ei god utdanning innanfor teologi, naturvitskap, oldtidskunnskap og statsrett. Han vart òg på ei studiereise i Frankrike. I 1635 vart han sett inn som biskop av Bremen og vald til fyrstbiskop av Verden same år.

Innanrikspolitikk endre

 
Fredsbanketten på Frederiksborg slott etter underskrivinga av Roskildetraktaten 26. februar 1658. Stikk av Erik Dahlbergh frå 1658.

Då Fredrik III skreiv under på handfestinga under kroninga i 1648, var dette den strengaste så langt i dansk historie, og ho utvida makta til Riksrådet.[4] Dette passa visst den nye kongen bra, for han trekte seg tilbake og overlet det meste av styringa til Riksrådet og embetsmenna. Men då rådet på den eine sida og to stormenn, Hannibal Sehested og kongen sin svoger Corfitz Ulfeldt rauk saman i maktkamp, tok kongen rådet si side. Ulfeldt blei dømd til døden in absentia for landsforræderi, medan kona hans og søstera til kongen, Leonora Christina, sat fengsla i Blåtårn i 22 år som medskuldig.

Krig og avmakt endre

Utanrikspolitisk tok Fredrik opp att faren sin kamp om herredømet i Austersjøen. Han gjekk til krig mot Sverige i 1657, medan Karl X Gustav sin hær var oppteken i Polen og Brandenburg. Dessverre mangla han ein slagkraftig dansk hær og gode alliansar med andre land. Den svenske hæren på 6000 ryttarar og 2500 fotfolk marsjerte frå Polen til Jylland, der dei tok festninga Frederiksodde. Den danske marinen hindra dei i å kryssa Lillebælt i tre månader, men så kom dei svenske styrkane seg over isen til Fyn, og gjekk vidare over Storebælt etter nokre få dagar. Det danske forsvaret braut saman, og Fredrik III måtte kapitulera.

 
Arvehyllingen av Fredrik III den 18. oktober 1660. Måleriet er frå 1666. I biletet ser ein Københavns slott til venstre, Børsen og Holmens kirke. Nedst til venstre har kunstnaren Wolfgang Heimbach måla seg sjølv.

Ved Freden i Roskilde i februar 1658 avstod Danmark-Noreg Skåne (med Bornholm), Halland, Blekinge, Bohus len og Trondhjem len til arvefienden. Trass i avtalen rykte Karl Gustav fram med hæren og kringsette København. Kong Fredrik blei oppfordra til å flykta, men blei populær blant folket då han føretrekte å «dø i sitt rede». Den omleirande hæren måtte til slutt gje opp, og etter at kong Karl døydde i 1660 blei det fred mellom landa igjen. Roskilde-avtalen tredde i kraft, med unntak av Trondhjem len, som kom tilbake til Noreg, og Bornholm, som var blitt uavhengig frå Sverige og no ville bli den danske kongen sin eigedom.

Einevelde endre

 
Kongeloven stilt ut på Frederiksborg slott.
Foto: Thomas Bredøl
 
Teikning som synar kunstkammeret eller raritetskabinettet til Ole Worm. Samlinga gjekk inn i Fredriks kunstkammer etter at Worm døydde i 1654.

stendermøtet i 1660 brukte Fredrik populariteten sin, og usemja mellom adelen på ei side og dei geistlege og borgarlege på den andre, og fekk innført arverett på trona i staden for handfesting, og einevelde. Den 18. oktober same år avla stenderrepresentantane eid til den nykåra arvekongen framfor Københavns slott. I Noreg gjekk arvehyllinga føre seg i Kristiania året etter med kronprinsen, den seinare Kristian V til stades, kongen sjølv var ikkje med.[5]

Peder Schumacher, seinare adla som Griffenfeld, utarbeidde Kongeloven i samarbeid med kongen. Dette er den einaste nedskrivne eineveldsgrunnlova i verda og fastslo den uinnskrenka makta til kongen. Den nye Kongeloven omtalar kongen som «det ypperste og Højeste Hoved her på Jorden over alle menneskelige Love». Fredrik III skreiv under Kongeloven 14. november 1665.[4]

Kultur og vitskap endre

Fredrik var òg ein kulturell mann, som interesserte seg for kultur, teologi og vitskap i samtida. Han grunnla Det Kongelige Bibliotek, med bøker frå si eiga og fleire oppkjøpte boksamlingar, rundt 1648.[6] Han etablerte òg eit kongeleg kunstkammer, med skattar samla inn frå riket, gitt i gåver frå andre fyrstar i Europa, og kjøpt inn i Sør-Europa.

I februar 1670 døydde Fredrik III av lungebetennelse. Han blei gravlagd i Roskilde domkyrkje. Han blei etterfølgt av sonen Kristian V.

Born endre

Titlar endre

Af Guds Nåde Konge af Danmark og Norge, de Venders og Gothers, Hertug udi Slesvig, Holsten, Stormarn og Ditmarsken, Greve udi Oldenburg og Delmenhorst.

Kjelder endre

  1. Frederik 3 frå Norsk biografisk leksikon
  2. Frederik 3.s hylling frå Dokumentene forteller/Riksarkivet
  3. Frederik III frå Dansk biografisk leksikon
  4. 4,0 4,1 Frederik 3.s håndfæstning 1648 frå Danmarkshistorien/Aarhus Universitet
  5. Arvehyllingen i Kristiania 1661 Arkivert 2014-04-26 ved Wayback Machine. frå Arkivverket
  6. Hovedpunkter af mere end 500 års historie fra Det Kongelige Bibliotek
  7. Jørgen/Georg frå Dansk biografisk leksikon
  8. Ulrika Eleonora den eldre frå Nordisk Familjebok

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fredrik III av Danmark-Noreg