Fredsegen i Augustenborg

Fredsegen i Augustenborg er eit eiketre planta av tyskarane i 1871 etter at Preussen vann Alsace og det nordlege Lorraine frå Frankrike i Den fransk-prøyssiske krigen 1870-71.

Fredsegen i Augustenborg

StadAugustenborg
LandDanmark
Kart
Fredsegen i Augustenborg
54°56′45″N 9°52′01″E / 54.9459°N 9.86702°E / 54.9459; 9.86702

Eika står på Jægerpladsen. Her låg opphavleg ein av fire dammar der jegerane til hertugen vaska hundane sine etter jakt. Jegerane budde i husa kring plassen, som har namn etter dei. Opphavleg var eiketreet omgitt av eit stakitt for å verna det mot hærverk. Tyskarane hadde også forsynt treet med eit skilt der det stod Sieges Eiche ('Sigerseika').

Treet skulle minna om sigeren, men var også eit uytryk for at tyskarane no ønska fred. Det blei markeret ved å plante fleire fredseiker i det tyske riket og dermed også i Sønderjylland, som var under preussisk styre frå 1864 til 1920. Det er ikkje mange av dei opphavlege fredseikene som har overlevt frem til i dag. Nokre av dei er blitt erstatta av nye tre, medan andre er blitt fjerna. Fredsegen på Jægerpladsen i Augustenborg er ei av dei få danske fredseikene som har overlevd.

Danmarks Naturfredningsforening har utnemnt fredseika i Augustenborg til «Evighedstræ». Dette fann stad ved ei diplomoverrekking på Jægerpladsen den 4. april 2012, der borgarmeisteren fekk overrekt diplomet. Danmarks Naturfredningsforening peiker ut og merker gamle tre som skal stå «for evigt». Formålet er å redde så mange gamle tre som mogleg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre