Free Four
Singel av Pink Floyd
frå albumet Obscured by Clouds
B-side
  • «Stay»
  • «The Gold It's in the...»
Språk engelsk
Utgjeve 10. juli 1972
Innspelt Februar-mars 1972
Studio Strawberry Studios i Frankrike
Sjanger Progressiv rock
Lengd 4:15
Selskap Harvest
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi 
«One of These Days»
(1971)
Free Four «Money»
(1973)


«Free Four» er ein song av Pink Floyd skriven og sungen av Roger Waters, frå albumet Obscured by Clouds. Tittelen er henta frå den tradisjonelle opptellinga i starten av mange rockesongar: «one, two, three, four!». Bandet startar òg denne songen på same måte, men seier i staden «one, two, FREE, FOUR!». Songen omhandlar tema som Waters ofte kom tilbake til på seinare album, blant anna dødsfallet til faren og dei «onde» kreftene i plateindustrien. Det er òg referansar til Syd Barrett med tekstlinja «So all aboard for the American Tour... and maybe you'll make it to the top....and mind how ya go and I can tell ya 'cos I know, ya may find it hard to get off.»

Songen har ein lett tone gjennom versa, men under gitarsoloen vert songen overraskande tyngre med ein progresjon som liknar instrumentalen «One of These Days», og som fangar den klassiske Pink Floyd-gitarlyden. «Free Four» vart gjeve ut på singel i USA i 1972 med «Stay» som b-side, og vart spelt ein del på radio.

Innhald

endre
USA
  1. «Free Four» – 3:30
  2. «Stay» – 3:58 [1][2]
Italia
  1. «Free Four» – 4:07
  2. «The Gold It's in the...» – 3:01 [3]
Tyskland
  1. «Free Four» – 4:08
  2. «The Gold It's in the...» – 3:01 [4]

Medverkande

endre

Kjelder

endre
  1. «Pink Floyd – Free Four / Stay (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. 
  2. «Pink Floyd – Free Four». Discogs (på engelsk). Henta 8. juni 2017. 
  3. «Pink Floyd – Free Four / The Gold It's In The... at Discogs». Discogs.com. 
  4. «Pink Floyd Collectors». Comunidad Floydiana Internacional. Arkivert frå originalen 11. juli 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre