Freie Universität Berlin


Freie Universität Berlin (FU) er eit av fire universitet i Berlin i Tyskland. Det ligg i bydelen Dahlem i den vestlege delen av byen.

Freie Universität Berlin


MottoVeritas, Iustitia, Libertas
Grunnlagt4. desember 1948
RektorGünter Ziegler
StadBerlin
Studentar37 608 (2021)
Tilsette7 904 (2021)
MedlemskaparXiv, ORCID
Nettstadhttps://www.fu-berlin.de/ (tysk, engelsk)

Universitetet vart grunnlagd av politiske årsaker i 1948. Namnet har sin bakgrunn i den kalde krigen. Humboldt-universitetet hadde hamna i den sovjetokkuperte delen av byen, og ein trong derfor eit nytt universitet i det frie Vest-Berlin. Danninga av universitetet kom som direkte følgje av kommunistane si forfølgjing av studentar i Aust-Berlin. På 1980-talet utvikla det seg til eit masseuniversitet, og studenttalet var ved gjenforeininga over 60 000. Som følgje av reduserte studieplassar ved Freie Universität, og at Humboldt-universitetet igjen vart tilgjengeleg, er talet på studentar no redusert til 42 700 studentar.

Botanischer Garten Berlin høyrer til universitetet.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Freie Universität Berlin