Freshly-Picked Tingle's Rosy Rupeeland
Freshly-Picked Tingle's Rosy Rupeeland er eit eventyrspel utvikla av Vanpool og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve 2. september 2006 i Japan og eitt år seinare i Europa, den 14. september 2007. Spelet har den middelaldrande antihelten Tingle i hovudrolla, som har opphav frå spela i The Legend of Zelda-serien. For å greie spelet må Tingle samle inn kapital i form av rupees for å kunne kome inn i paradiset Rupeeland. Kapitalen samlar han inn gjennom å mellom anna utføre oppdrag, finne skattar og utforske katakombar.[1]
Freshly-Picked Tingle's Rosy Rupeeland | |
Utviklar(ar) | Vanpool |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Kreativt ansvarleg(e) | Tarō Kudō |
Produsent(ar) | Kensuke Tanabe |
Serie | The Legend of Zelda |
Plattform(er) | Nintendo DS |
Utgjeving | JP: 2. september 2006 EU: 14. september 2007 |
Sjanger | Eventyr |
Spelemodus | Einspelar |
Freshly-Picked Tingle's Rosy Rupeeland var ein kommersiell suksess i Japan, og selde 234 862 kopiar innan slutten av 2007.[treng kjelde]
KjelderEndra
- ↑ «Tingle-spill til Europa». Gamer.no. 2. august 2007. Henta 1. juli 2019.