Ein fri akse er ein ein hovudtregleiksakse som går gjennom tyngdepunktet til ein lekam. Når ein fast lekam roterer om ein fast akse, vil aksen til vanleg bli utsett for påkjenningar. Men det er alltid mogleg å finne minst tre aksar gjennom tyngdepunktet til lekamen slik at lekamen kan rotere rundt ein av dei utan at det blir påkjenningar på aksen. Er det berre tre frie aksar, vil dei stå vinkelrett på kvarandre. Rotasjonen er stabil om den frie aksen med det største tregleiksmomentet og om aksen med det minste tregleiksmomentet. Har lekamen ein symmetriakse, er denne òg ein fri akse. Dessutan er då kvar og ein akse gjennom tyngdepunktet og vinkelrett på symmetriaksen ein fri akse. I ei homogen kule, ein kubus eller eit kva for ein som helst homogen lekam med såkalla regulær symmetri er kvar og ein akse gjennom tyngdepunktet ein fri akse.

Kjelder endre

fri akse. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/fri_akse