Kube

tredimensjonal lekam som er avgrensa av seks kvadrat
(Omdirigert frå Kubus)
Kubus viser til denne sida, for fjellet i Antarktis, sjå Kubus i Dronning Maud Land

Ein kube, kubus, regulært heksaeder eller terning er ein romfigur med 8 hjørne, 6 jamstore flater og 12 jamlange kantar og er ein av dei såkalla platonske lekamane. Einingskuba har sidelengde 1 og er kongruent med kuba i det reelle rommet.

Skisse av ei kube.

Måltalet for volumet av ein kubus er s3 når lengdetalet til sidene er s. Derfor vert kubus ofte nytta som namn på ein 3. potens, og eit tredjegrads matematisk uttrykk vert kalla kubisk.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kube