Friedrich von Hagedorn
Friedrich von Hagedorn (23. april 1708–28. oktober 1754) var ein tysk diktar frå rokokkotida.
Friedrich von Hagedorn | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 23. april 1708 Hamburg |
Død |
28. oktober 1754 (46 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, diktarjurist |
Sjanger | dikt |
Friedrich von Hagedorn på Commons |
Liv og virke
endreFar til Hagedorn var dansk ambassadør i Hamburg.[1] Den yngre broren hans var kunstteoretikaren og -samlaren Christian Ludwig von Hagedorn (1712–1780).
Hagedorn studerte fyrst jus i Jena, og var deretter sekretær for den danske sendemannen til London i 1726–29. Her kunne han bli kjent med engelsk litteratur og språk. Etter å ha vendt tilbake til Hamburg levde han ei tid i tronge kår, men i 1733 blei han tilsett som sekretær av eit gammalt handelsselskap, English Court, i Hamburg. Dette gav han ei uavhengig stilling som innverka gunstig på den litterære og økonomiske stillinga hans.
I 1729 gav han ut Versuch einiger Gedichte, men fyrst med sin samlinga Versuch in poetischen Fablen und Erzählungen (1738), som minna om La Fontaine i dei lette versa sine, viste han eigentleg diktarisk talent. Oden und Lieder og Moralische Gedichte er påverka av Horats. Samlinga Poetische Werke kom ut i 7 bind i 1756, og seinare ved Eschenburg med levnadsskildring i 1800.
Hagedorn hadde vennleg kontakt med kjende kolleagaer som Friedrich Gottlieb Klopstock, Ludwig Gleim og Johann Jakob Bodmer. Han tok også imot Gotthold Ephraim Lessing nokre gongar.
Mozart tonesette diktet hans Die Alte (K. 517) i 1787. Joseph Haydn komponerte to kanonar (a capella-songar) over verka hans (Hob. XXVIIb).
Kjelder
endre- ↑ Britannica Online. «Friedrich von Hagedorn». Britannica eb.com. Henta 19 February 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Friedrich von Hagedorn» frå Wikipedia på dansk, den 25. juli 2023.
- Wikipedia på dansk oppgav desse kjeldene:
- Hagedorn, Friedrich v. i Salmonsens Konversationsleksikon (2. udgave, 1920)
- Delar av denne artikkelen bygger på «Friedrich von Hagedorn» frå Wikipedia på bokmål og «Friedrich von Hagedorn» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Verk av og om Friedrich von Hagedorn i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- (de) Hagedorn: Vorbericht zu: Sammlung Neuer Oden und Lieder, 1742; i Projekt «Lyriktheorie» Arkivert 7. juni 2007 hos Wayback Machine.
- (de) Kort biografi (tysk)
- (de) Dikt på zgedichte.de
- OpenLibrary